Bli med inn til familien Lødemel
I 1921 kjøpte besteforeldra til Otto-Jarle Lødemel huset og garden lengst framme i Melsbygda i Åmdalen. Huset gjekk vidare til far til Otto-Jarle, før han sjølv og kona, Lene Kaspersen Lødemel, tok over i 2005.
Mykje har blitt gjort med huset sidan 1921, og når paret tok over var det viktig for dei å få fram det fine tømmeret. Dei har pussa mykje tømmer, bygt på huset, og laga til øvst på loftet.
– Då vi sa ja til å ta over, så visste vi ikkje kor mykje jobb vi hadde foran oss, seier Lene. Men begge to er einige i at det var verdt det.
No har dei eit hus med god plass. – Og her er alle velkomne, avsluttar ho.
Lenke til video