Bli med inn til Synnøv
Bli med inn i huset til Synnøv Sivertsen Skarbakk i Brandal.
Synnøv er opprinneleg frå Fosnavåg, men flytta til Hareid for rundt 30 år sidan. Ho kjøpte huset saman med mannen sin, Hans André Skarbakk.
Dei hadde ein unge då dei flytta inn i huset i 1997. No har dei tre barn, som flyttar både ut og inn, så den gode plassen kjem godt med.
– Huset er større no, enn det var då vi flytta inn, seier Synnøv.
Dei bygde på ei dobbelgarasje der dei valde å utnytte etasja over garasja. Det vart til vaskerom, bod, litt ekstra gang og utvida bad.
Alt i alt er Synnøv godt fornøgd med å kunne bu så nærme sjøen og naturen, og samtidig kunne kome seg enkelt til både flyplass og Herøy.
Lenke til video