Spruten kom som ei overrasking

Etter ein lang sommar utan fisk trudde Anne Kristin Skorpen-Lein at dei endeleg fekk ein på kroken. Det viste seg å vere ein akkar. Skorpen-Lein, som ein kan høyre på reaksjonen, vart overraska då det vart spruta blekk over i båten. Akkaren rakk å sprute blekk seks gongar før dei slapp den fri igjen i Skorpesundet. Videoen er sendt inn til SøreTV-konkurransen der ein kan vinne 1 kg smågodt.