
Dette gjekk ikkje som planlagt
Det gjekk ikkje heilt som planlagt då Iselin Eliassen Aske skulle vere med på ballongstafett på personalfest. Konkurranseinstinktet var på plass då ho plutseleg sklei på veg bort til resten av laget sitt. Det var ikkje mykje medkjensle å få med resten av laget, som ville ha ho opp og gå igjen med ein gong. Videoen er sendt inn til SøreTV-konkurransen der ein kan vinne 1 kg smågodt. Video: Iselin Eliassen Aske