Her dynkar "Solstråla" dei i vatn

Sia Marie "Solstråla" Tollås er russ i år, og for ho har inkluderinga frå medrussane vore ekstra viktig. Årets russekull har vore flinke å inkludere sine medrussar med funksjonsvariasjon. – Det krev så lite av oss, og så betyr det så mykje for ho. Så det var eigentleg berre naturleg for oss at ho skulle vere med, fortel Kamilla Espeseth Sævik, som er ein del av russebilen "Rangel". SøreTV fekk vere med då fleire russ frå Herøy tok med Sia Marie på besøk til barnehagen ho sjølv gjekk i.