Fekk ein blekksprut på kroken
Monica Vermeer var på fisketur i Flørauden-området då ho fekk seg ei overrasking på kroken. I staden for fisk var det ein blekksprut som kom ombord i båten. – Det var ei fin oppleving og vi studerte dyret nøye, seier Monica. Med hanskar på fekk ho henda sine under blekkspruten og lyfta han opp for å få den ut igjen i sjøen. Den hadde heldigvis ikkje tatt stor skade av kroken. Vermeer fortel at den leverte tre store blekkskyer i havet då den sumde vekk frå dei. Videoen er sendt inn til SøreTV-konkurransen der ein kan vinne 1 kg smågodt.