Kortesje med Rolls-Royce og Bentley passerer Overåsanden i Hareid.
Dei siste dagane har ei stor gruppe britiske luksusbilar sust rundt på søre Sunnmøre. Det er den norske avdelinga av Rolls-Royce Enthusiasts’ Club som er på tur, på det dei kallar «Rally Sunnmøre».