8. Heilt sjef! - Herman
I denne episoda av "Heilt sjef!" møter vi Herman Brune Leikanger (24) som er ungdomsarbeidar i Sande kommune. Herman starta arbeidet på den nyoppretta heiltidsstillinga i august 2022. Fram til no har han fått i gong fleire tilbod for ungdommen i Sande, til dømes var han med på å få i gong ungdomsklubben i "Kroa" på Larsnes. Brune Leikanger synes det er viktig å få samla ungdommen i Sande, og at ingen skal føle seg utanfor. Sjå meir av kva Herman gjer på i videoen.
- Eg er der ungdommen er. Eg er på Tiktok, Instagram, andre sosiale media, og eg har eit ungdommeleg sinn. Fokuset mitt hittil har vore å vere der saman med ungdommane, og bygge ei tillit slik dei ser at dei kan stole på meg om det er noko dei treng å prate om.
Lenke til video