• SøreTV
  • Nyheiter
  • Sport
  • Kultur og fritid
  • Lesarvideoar
  • Seriar

Søk etter video

Heilt sjef! - Silje

Silje Mari Wammer er dagleg leiar i Kreativiteten og Ulstein Garn. Til saman er dei fire tilsette ved begge butikkane. Sjå meir om Silje og butikken hennar i videoen. Silje om å starte eiga bedrift eller butikk: "Ver forberedt på at det er mykje jobb. Ein kan ikkje tenkje på timeløn eller andre ting. Ein må berre hive seg uti det viss ein har moglegheita, og viss ein har ei genuin interesse for det ein vil drive med. Det er 24 timars arbeid, 7 dagar i veka."

SesongSjå alle

Heilt sjef! - Sandra
01:43
Heilt sjef!
14. oktober 2022
S1, E1

Heilt sjef! - Sandra

Sandra Louise Larsen har alltid hatt ein draum om å starte for seg sjølv. Etter ferdig bachelorgrad i 2020 lanserte ho nettbutikken og smykkemerket Lourie. I denne videoen blir vi betre kjent med Sandra og smykkemerket hennar.

Lenke til video
Heilt sjef! - Jose
01:31
Heilt sjef!
24. oktober 2022
S1, E2

Heilt sjef! - Jose

I episode 2 av Heilt sjef! møter vi Jose Jorge Garcia Agis (32) som er viseadministrerande direktør i Ulstein International AS. Han synes det er viktig å arbeide med noko der ein lærer og utviklar seg - og ikkje minst har det gøy. Ulstein International er ein intern konsulent i Ulstein Group, og alle inntektene kjem frå andre selskap i Ulstein.

Lenke til video
Heilt sjef! - Andreas
01:36
Heilt sjef!
2. november 2022
S1, E3

Heilt sjef! - Andreas

Andreas Ose Østgaard driv ein antirust-verkstad, som også er godkjent som bliverkstad. Bedrifta har hatt stor vekst det siste året, og i denne videoen kan du sjå meir av kva dei driv med på Ørsta Antirust.

Lenke til video
Heilt sjef! - Silje
01:16
Heilt sjef!
8. november 2022
S1, E4

Heilt sjef! - Silje

Silje Mari Wammer er dagleg leiar i Kreativiteten og Ulstein Garn. Til saman er dei fire tilsette ved begge butikkane. Sjå meir om Silje og butikken hennar i videoen. Silje om å starte eiga bedrift eller butikk: "Ver forberedt på at det er mykje jobb. Ein kan ikkje tenkje på timeløn eller andre ting. Ein må berre hive seg uti det viss ein har moglegheita, og viss ein har ei genuin interesse for det ein vil drive med. Det er 24 timars arbeid, 7 dagar i veka."

Lenke til video
Heilt sjef! - Arjan
01:15
Heilt sjef!
30. november 2022
S1, E5

Heilt sjef! - Arjan

Metizport vart starta opp av Arjan Dalsøren, og er Sunnmøres første e-sport klubb. I denne vekas episode av "Heilt sjef!" får vi vite meir om korleis Arjan driv Metizport.

Lenke til video
Heilt sjef! - Atle
01:41
Heilt sjef!
8. desember 2022
S1, E6

Heilt sjef! - Atle

Då Atle frå Volda fann ut at han ville produsere levande bilete i arbeidet sitt, tenkte han fyrst at "mi karriere er ikkje heime i Volda". Etter å ha flytta vekk frå heimstaden for å studere innsåg han at det var fleire moglegheiter i Volda enn han hadde trudd. Atle Andreas Remmereit Vasbotn (33) og Chris-Håvard Berge (31) starta opp Oclin AS i 2016. Jobben deira går ut på å levere levande bilete, anten som filmproduksjon eller som streaming-produksjon. Videoen i saka viser noko av det dei driv med i Oclin, med god hjelp av klipp frå Oclin sine eigenproduserte vloggar.

Lenke til video
Heilt sjef! - Tarjei
01:39
Heilt sjef!
18. januar 2023
S1, E7

Heilt sjef! - Tarjei

I denne episoda av "Heilt sjef!" møter vi Tarjei Wingsternes (27) som har jobba på Kaffebaren i Ulsteinvik sidan 2008, med eit par avbrekk for studie i Oslo. No er han eigar og drivar av Kaffebaren, i tillegg til eigar av Brygga Sportsbar. Han er glad i å utfordre seg sjølv, og strekkjer seg gjerne etter nye mål. For å vere ein god leiar synest Wingsternes at ein må ta del i det same arbeidet som dei andre tilsette: "Vis at du kan stå på golvet, og gjere det dei andre gjer. Ikkje ver den gammaldagse typen som står og peikar. Du må få med deg folket - Det er viktig det."

Lenke til video
Heilt sjef! - Herman
01:34
Heilt sjef!
22. februar 2023
S1, E8

Heilt sjef! - Herman

I denne episoda av "Heilt sjef!" møter vi Herman Brune Leikanger (24) som er ungdomsarbeidar i Sande kommune. Herman starta arbeidet på den nyoppretta heiltidsstillinga i august 2022. Fram til no har han fått i gong fleire tilbod for ungdommen i Sande, til dømes var han med på å få i gong ungdomsklubben i "Kroa" på Larsnes. Brune Leikanger synes det er viktig å få samla ungdommen i Sande, og at ingen skal føle seg utanfor. Sjå meir av kva Herman gjer på i videoen. - Eg er der ungdommen er. Eg er på Tiktok, Instagram, andre sosiale media, og eg har eit ungdommeleg sinn. Fokuset mitt hittil har vore å vere der saman med ungdommane, og bygge ei tillit slik dei ser at dei kan stole på meg om det er noko dei treng å prate om.

Lenke til video
Heilt sjef! - Viktoria
01:58
Heilt sjef!
20. april 2023
S1, E9

Heilt sjef! - Viktoria

I denne episoda av "Heilt sjef!" møter vi Viktoria Sandvik (29) som er eigar og drivar av to blomsterbutikkar; Bellis Ulsteinvik og Floriss Hareid. Gjennom sitt arbeid som blomsterdekoratør får ho brukt kreativiteten sin til å hjelpe folk i sorg og glede. Som eigar og drivar ligg fokuset meir på rekneskap og bestilling av varer og blomster. Bli betre kjent med Viktoria i videoen. «Om du sit med ein draum om å drive ein butikk eller eit selskap, så vil eg seie: køyr på, gjer det, men det tek tid og det blir lite fritid.»

Lenke til video

Vi nyttar cookies for å betra brukaropplevinga. Sjå fleire detaljar i cookieerklæringa vår. Les meir.

Redaktør og dagleg leier
Linda Eikrem
Kundesenter
70 01 85 00
abonnement@vikebladet.no
annonse@vikebladet.no
Tipstelefon
70 01 85 00
SMS/MMS
480 66 495
E-post
redaksjon@vikebladet.no

Vikebladet Vestposten arbeider etter Vær Varsom-plakatens reglar for god presseskikk. Sjå også Redaktøransvar. Vikebladet Vestposten har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det er lenka til. Alt innhald er verna av opphavsrett 2025 © Vikebladet Vestposten.


Dersom nokon føler seg råka av urettmessig omtale, vert dei oppfordra om å ta kontakt med redaksjonen i Vikebladet Vestposten. Det er også høve til å reise klage for brot på god presseskikk til Pressens Faglige Utvalg, pb. 624 Sentrum, 0106 Oslo. Vikebladet Vestposten har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider det vert lenka til.

Innstillinger

Informasjon om bruk av «cookies» og personvernpolicy.
Informasjon om openheitslova.