Bli med inn til Dorthe og Håkon
I den fyrste episoden av den nye serien til SøreTV om hus og heim, får vi bli med inn i huset til Dorthe og Håkon. I mars 2021 tok Dorthe Frøystadvåg (25) og Håkon Smådal (28) over huset til besetforeldra hans på toppen av Leinane i Herøy. Dei lagde planar og skisser, og totalrenoverte heile huset saman - med god hjelp frå familien rundt.
Målet var å ikkje berre pusse opp eit gamalt hus, men å gjere det nytt. Det var mykje arbeid, og ein lang prosess, men det gjekk heilt fint i fylgje paret. - Vi er to som likar å styre då. Vi må ha noko å gjere på, seier Dorthe.
Lenke til video